Adr.: 6776 Kjølsdalen
Tel.           57 86 49 50
Rektor     57 86 49 52
Lærarar    57 86 49 54
Faks         57 86 49 51
E-post:
kjolsdalen.skule@eid.kommune.no

www.utdanning.no

Trafikk og skole

 Steg_for_steg_logo_smalest

 





Nyhende frå skulen

Framlegg til Planprogram

12. januar 2012 vart planprogrammet (skisse til utarbeiding av ny kommunedelplan for samanslåing av skulekrinsene Stårheim og Kjølsden)i skulestruktursaka drøfta og vedteken i Formannskapet. Ein veke seinare kom dokumentet ut til offentleg høyring.
Les meir »   06.02.12 kl. 09:09

Meir straumbrot

Torsdag 26. januar var det "på an igjen" med mangel på straum i Kjølsdalen. Elevane verken såg eller høyrtes ut som dei syns det var kjedelig. Då vart det nemlig songstund så lenge dagsljoset ikkje var til stades. Levande ljos og sang, det gjer seg!
27.01.12 kl. 09:33

Straumlaus time

Fredag 20. januar forsvann straumen i Ervik, Kjølsdalen, Reksnes, Lund, Høyness og Stårheim frå tidleg om morgonen (06.45 ca) og vart vekke til kl. 10.15. Elevar og lærarar samla seg med levande ljos i gangen til song og musikk. Triveleg!
20.01.12 kl. 10:50

Egg i flaska

7. klasse gjorde forsøk med endring av lufttrykk torsdag. Det gjekk ut over eit uskuldig egg...
Les meir »   20.01.12 kl. 10:45

Bilete frå "Finn Englius Fann"

Endeleg kjem herlege minner frå framsyninga før jul. Det var ein utruleg flott stund i gymsalen, håpar vi. Vi lærarar og elevar koste oss i alle fall!
12.01.12 kl. 15:08

2012 er i gang

Godt nyttår alle sammen. Ein hissig storm med påfølgjande problemer hos heimesideleverandøren gjorde at nettsidene til Kjølsdalen ikkje har vore oppdatert før i dag. Vi orsakar! Pass på at de har bestilling inne til barna på frukt og mjølk. Les meir...
Les meir »   10.01.12 kl. 09:29

Politiet på besøk

Tysdag fekk 1. klasse politiet på vitjing i skuletida. Det var stor stas! Alle i 2. og 3. fekk óg vere med og høyre politibetjent Hanne Heggen ved Eid lensmannskontor fortelje om politiyrket. Siste økt ute med politibilen blei vel høgdepunktet for mange..
15.12.11 kl. 13:22

Snickers-konfekt

Hmmmmm, det både lukter og ser godt ut når 6. og 7. klasse lager snickerskonfekt på kjøkenet. Smaken veit vi ikkje, den får nok vente til jul, men den er nok utsøkt den òg.
15.12.11 kl. 13:11

Lussekattene er klare...

Vi gler oss til tysdag!
09.12.11 kl. 15:43

Huskonsert på skulen

Aspirantar, skulemusikk-arar og kulturskuleelevar gjennomførte ein feiande flott konsert for elevar, lærarar og eit knippe føresette fredag siste økten.
09.12.11 kl. 15:30

RSS

Kalender

Kva skjer?

Søk

Din Epost-adresse:


Vevansvarleg:
Thomas P. R. Hals